Startside

Dette er "kjølen" til ei nettside med munnlege kjelder til kulturhistorie og generell historie i Hallingdal. 
I løpet av prosjektet  Krafttak for munnleg historie hausten 2018, starta  eit samarbeid mellom Memoar,  Nes Historielag og Buskerudmuseene / Hallingdal Museum og Ål Bygdearkiv.  Me håpar dette blir starten på eit varig samarbeid - som kan supplera det rike arbeidet som er gjort tidlegare, og som har resultert i nettsider som Hallingminne.noDeigamlefortel,no og folkemusikksida Hallingspel.no 
 
Dei fyrste intervjua som vart gjort var desse:  

Forteljarar i Hallingdal

  • Margit Skrindo Margit Skrindo kjem frå Skrindo, ei grend med fem gardar  i Ål i Buskerud. Ho vart fødd i 1931, ei tid då det framleis var naudsynt å laga så å ...
    Lagt inn 27. mar. 2019, 10:23 av Bjørn Enes
  • Ola Isungset Odla V. Isungset vart intervjua av Bjørn Enes  på Ål Bygdearkiv torsdag 11. oktober 2018.  Intervjuet var ein samtale om Odd Isungset sine minne frå eit langt liv: Han kom ...
    Lagt inn 25. jan. 2019, 07:05 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 2 av 2. Vis mer »


Margit Skrindo

lagt inn 26. mar. 2019, 22:04 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. mar. 2019, 10:23 ]

Margit Skrindo kjem frå Skrindo, ei grend med fem gardar  i Ål i Buskerud. Ho vart fødd i 1931, ei tid då det framleis var naudsynt å laga så å seie alt ein skulle bruka på ein gard. Ho fortel om mange slike teknikkar i hushaldet, korleis dei laga lut, slåtten - med bakketurk og hesjeturk alt ettersom - og om bufardagen då dei drog den lange vegen frå Skrindo til langestøylen på Kråkhamar. Dyra visste godt kva som skulle skje den dagen, og var utålmodige etter å koma av garde. Det tok heile dagen - det var 17 km langt. På støylen var ho med å kinna og koka prim frå ho var knøttlita. Men då ho var 12 måtte ho koma heim for å vera med i slotten. "I tretti år var eg onnejente".
Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Mariet Skrindo. 








Opptaket vart gjort på Ål Bygdearkiv den 11. oktober 2018. Intervjuar vr Anne Marie Kollhus frå Nes Historielag. 

Under videoen finn du ein logg med tidskodar som gir oversyn over innhaldety. Utskriftsvenleg logg finn du her

Margit Skrindo:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/297809198#t=1m15s

00:00:00Fødd i 1931, frå Skrindo i Søre Votndal
00:30:00Helde på namnet Skrindo heile livet, sjølv om eg har vore gift
01:30:00Mor og far og to brør budde på garden
01:50:00Far hadde ei syster som var litt tilbakeståande. Ho budde der og.
02:40:00Me hadde kyr, sauer, tre høner og ein gris
03:05:00To stølar – ein heimestøl og langstølen.
03:30:00Langstølen heitte Kråkhamar, ikkje langt frå Hemsedal
04:40:00Me trengde ikkje gjete særleg, men passa jo på.
05:20:00På haustkanten tok dyra til å trå heimover att
05:48:00Om sopping -
06:07:00Bror min hadde mykje arbeid med sopping
06:12:00Eg var onnejente – ikkje rakstedeie – fyrste gong då eg var 12 år
07:04:00Far kommanderte meg aldri ut – det var tungt arbeid
Bakketurk – ikkje hesjing
08:20:00Bror min var og med. Han sjefa over meg
08:50:00På stølen var me alle tre. Sauene gjekk som dei ville
Om søndagane kom dei ofte heim til buene, far kom og dei fekk salt
09:45:00Bua var gamal med kløyvde stokkar, ikkje rundtømmer. Mykje flis.
10:28:00godt bilete -
10:28:00Stokkane var vaska med lutevatn, med vatn som var varma i sola
I mi tid var grønsåpa oppfunnen
11:30:00Når me skulle luta fisk måtte me laga lut av ospeoska.
12:10:00Dei sa at dei støypte lut. Ein gong datt eg i gryta
12:40:00Eg ser enno føre meg gryta som sto ute i gongen -
Eg ville gå troppa utan å halda meg i rekkverket – så datt eg oppi...
13:33På stølen osta og kinna me
14:10:00Eg var ikkje med å mjølke om, morgonen. Eg var glad i å sova
Eg hugsar den vesle ringja (bøtta) som mor kjøpte av ein som gjekk rundt
15:15:00Eg lærte å mjølke på Blidros. Ho var så tåleg men hardmjelkt ku
16:10:00Kyrne heitte Blidros, Lauvros og Kranselin – men me hadde inga Dagros
16:40:00Alle var Telemarkskyr. Far sagde av tuppane på horna
17:22:00Når me buførte så sprang me ungane og henta krøtter som sok ut
18:00:00Det tok sju åtte timar. Bufeet visste kor me skulle
18:30:00Frå gamalt skulle kjerringa stasa seg opp på bufardagen. Mor var aldri
18:50:00Då ho gifte seg i 1929 seg hadde ho med seg 20 stakkar. Mannen skulle ikkje ha utgifter med slikt
19:27:00Under krigen vart dei sydd om til andre kleder. Bror min gjerkk i brok som var laga tå ei dås
20:10:00Du måtte klippe sauene, karda, spinna veva – du kasta aldri klede då
20:40:00Eg har vore med å veva. Men ikkje dåsaklede
21:20:00Me gjorde ikkje reine sauene før me klipte. Lanolinen gjorde spinninga enklare
22:10:00Dei vaska fine ting i sauelaug på grunn av lanolinen. Mor meinte det var lortevatn.
23:18:00Krigen – me svalt ikkje. Me hadde kjøt og mjelk og potet. Med mangla kjøpevarer
24:10:00Med sakna kvitt mjøl, sukker og kaffi. Dei brende korn og erter
25:03:00Så var det kledu og sko – skomakarane levda til live att
Eg fekk eit par heimegjorde sko av heilaga lær. Dei kraup
26:08:00Dei søkte forsyningsnemda om eit par sko til meg.
Det einaste som var å få tak i var eit par beksømsko storleik 41
27:30:00Me hadde byggåker. Den var veldig stor. Å skjera omhausten... puh.
28:18:00Det var kvern ved Hallingdalselva. Eg ser føre meg bølu med mjøl
28:50:00Skula var i botnen av dalen. Todelt. Me gjekk tre dagar i veka.
Småskule mandag, onsdag, fredag og storskule tysdag, torsdag og laurdag. Seks timar kvar dag.
29:40:00Eg skulle aldri på skule meir. (Så blei eg lærar)
Eg ville ikkje på framhaldskule om hausten. Det var mykje å gjera heime 
31:05:00Seinare arbeidde eg litt på Bergsjø Hotell om vinteren
31:35:00Mor vov litt for Husfliden. Elles var det meir enn nok å gjera heime. Alt skulle lagst.
32:20:00Me hadde aldri potet ferie – me grov eplu dei dagane me ikkje var på skulen.
32:50:00Hadde sommaren vore god, såg me vetteren godt i møte. Då hadde me for og avdrotten ville bli bra.
33:20:00Me hadde vaktekyr på stølen. Dei fekk me betaling for. Det var noko pirk
34:40:00Dei såg nok fram til at eg kunne arbeide for meg. Eg var onnejente i 30 år..
35:20:00Året etter gjekk eg framhaldskule på Søndre – på hybel ein periode
Etter det på Vestmar Folkehøgskule i Telemark vinteren 1949-50.
37:09:00Der var teoriline og praktisk line. Far sa eg skulle ta teoretisk. Eg hadde litt heimlengsel
37:50:00Me hallingane heldt saman. Av og til stunda me heim. Pyttt pytt, sa eg.
38:40:00Eldstebror min hadde begynt på lærarskula. Men i slåtten var me alle
39:20:00På langstølen var der ein voll som me slo. Då vart det liv på stølen.
Men kvinnfolka var glade når mannfolka reiste att
40:20:00Mellom elleve og når kyrne kom heim var det ei lita pause -
Men då sto primkjelen på, eller så var det moltu
41:22:00B låbær og tyttebær
Brisk (einerbær) - me kokte treakk (sjå Wikipedia eller forklaring her)
(Meir om treak her)
43:05:00Lite ved i fjellet - mem måtte koke på torv
43:30:00Det var 17 km frå Skrinbdo til støylen - langt å køyre ved
44:13:00Eg berre rispla einerbæra tå. Det stakk i starten
44:45:00Eg har kokt treark på berre tre liter bær - men då bnlir eg gjerrig
45:25:00Rektro på folkehøgskulen sa at eg måtte på lærarskule. Mange masa
Eg trassa - jobba heime og med søm og anna til eg var 24 år
47:25:00Men så kom eg på at eg ville på lærarskulen likevel.
Opptaksprøve på Oslo Lærarskule. Eg strauk i song.
48:25:00På Sagene var ein kveldsklasse for folk "som hadde fått kallet noget forsinket"
49:30:00Me var 28, me gjekk frå fem til ti fem ettermiddagar i veka i fem år.
Eg hadde huspost for hus og kost på Smestad i to år
51:10:00Dei neste to åra var eg lærarvikar på Sinsen - ein klasse med tredve gutar
52:11:00Ein fantastisk overlærar "Ingen er født med erfaring, frøken Skrindal!"
53:09:00Eg måtte legga om språket. Eg prata tilnærma bymål
"Hvorfor snakker du ikke sånn til oss som du snakker til de voksne?"
54:20:00Ufaglærte hadde ikkje lov å ha fyrrste klasse eller sjuande klasse
54:50:00Siste året hadde me praksis tre dagar i veka. Vikarierte dei andre tre.
55:40:00I husposten modererte eg også målet. Smestad ein periode.
Seinare budde egb på hybel på Carl Berner
56:50:00Eksamen - eg var oppe i alle fag. Seinare var eg lærar i Oslo i ti år.
57:20:00Vanskeleg når ein var aleine å få husvære
57:50:00Eti år på Klemetsrud på Ski, seinare på Røa, Voksen skule
59:00:00I 1969 reiste eg heimatt for å hjelpa far då mor døydde
eg var lærar på Torpo
55:55:00Eg gifte meg og budde på Torpo. Han var enkemann.
Ein time Eg vart stemor til to.
01:01:49:00Eg har interessert meg for dåsaklaudn og bunadsøm
01:02:50:00Slutta nå. Ser ikkje godt nok -. må tenkja på ettermælet
01:03:50:00Eg har stakkar etter mor - grønestakk og ein svart
01:04:40:00Eg fekk trøyemønster frå Valdres og sydde sjølv
01:06:30:00I dag kjøper folk berre nytt...
01:07:15:00Mor hadde med seg sølv. Dotter av bror min har arva det.
Eg arva ei tante. Det er enkelt i forhold til det som er i dag.
01:08:40:00Eg brukte mor sine kyrkjeklede i en konfirmasjon nyleg
01:09:50:00Du kan ikkje gå til kyrkje i grån stakk.
01:10:59:00SLUTT 

Ola Isungset

lagt inn 16. nov. 2018, 02:46 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. jan. 2019, 07:05 ]

Odla V. Isungset vart intervjua av Bjørn Enes  på Ål Bygdearkiv torsdag 11. oktober 2018.  Intervjuet var ein samtale om Odd Isungset sine minne frå eit langt liv: Han kom frå garden Isungset på Geilo, der han tidleg måtte ta del i arbeidet på garden. Fram til han var tenåring arbeidde han på setra kvar einaste sommar. Men då han var ferdig med skulegangen, valde han arbeid i industrien. Gjennom heile arbeidslivet  var han på same verksemd - Brødrene Øyo på Geilo.  I starten var hovudprodukta ljåar og knivar. Seinare starta dei produksjon av bestikk og økser.  
Han arbeidde som sjåfør og lagerarbeidar, og fekk tidleg interesse for bil. I 1962 var han kome så langt at han og kona drog til byen for å kjøpa ein Herald Triumph. Selgjaren meinte dei måtte prøva ein Saab og. Kona sat i baksetet på begge prøveturane - og ho var ikkje i tvil: Baksetet i Saabenvr best. Og dermed vart det Saab - frå 1962 til den femte saaben som han hadde då opptaket vart gjort hausten 2018. 
Han fortel elles om opprettinga og utviklinga av hjelpekorpset på Geilo og Motorførernes avholdsforbund. 

I januar 2019 bestemte Ola Isungset seg for å dela intervjuet med Hallingdal Museum og med alle interesserte gjennom nettsida Hallingdal.Memoar.no og Norsk Folkemuseum sin base Minner.no. 

Intervjuet skal no dokumenterast,  slik at det skal bli lettare å finna fram til det ein er interessert i å høyra om.  Det trengst dugnadshjelp for å fortgang i dokumentasjonsarbeidet. Sjå detaljar om kva hjelp som trengst under videoen. 


Ola Isungset


Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet. 
Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste 
eller ein serie kortsetningar som gir eit oversyn over kva samtalen handlar om, omlag minutt for minutt. 

Ta kontakt med Nesbyen Historielag eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette, 
Då får du passordet til videoen. 
Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.
Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt. 

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.  






1-2 of 2