Forteljarane‎ > ‎

Margit Skrindo

lagt inn 10. aug. 2019, 09:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. aug. 2019, 09:21 ]
Margit Skrindo kjem frå Skrindo, ei grend med fem gardar  i Ål i Buskerud. Ho vart fødd i 1931, ei tid då det framleis var naudsynt å laga så å seie alt ein skulle bruka på ein gard. Ho fortel om mange slike teknikkar i hushaldet, korleis dei laga lut, slåtten - med bakketurk og hesjeturk alt ettersom - og om bufardagen då dei drog den lange vegen frå Skrindo til langestøylen på Kråkhamar. Dyra visste godt kva som skulle skje den dagen, og var utålmodige etter å koma av garde. Det tok heile dagen - det var 17 km langt. På støylen var ho med å kinna og koka prim frå ho var knøttlita. Men då ho var 12 måtte ho koma heim for å vera med i slotten. "I tretti år var eg onnejente".
Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Mariet Skrindo. 








Opptaket vart gjort på Ål Bygdearkiv den 11. oktober 2018. Intervjuar vr Anne Marie Kollhus frå Nes Historielag. 

Under videoen finn du ein logg med tidskodar som gir oversyn over innhaldety. Utskriftsvenleg logg finn du her

Margit Skrindo:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/297809198#t=1m15s

00:00:00 Fødd i 1931, frå Skrindo i Søre Votndal
00:30:00 Helde på namnet Skrindo heile livet, sjølv om eg har vore gift
01:30:00 Mor og far og to brør budde på garden
01:50:00 Far hadde ei syster som var litt tilbakeståande. Ho budde der og.
02:40:00 Me hadde kyr, sauer, tre høner og ein gris
03:05:00 To stølar – ein heimestøl og langstølen.
03:30:00 Langstølen heitte Kråkhamar, ikkje langt frå Hemsedal
04:40:00 Me trengde ikkje gjete særleg, men passa jo på.
05:20:00 På haustkanten tok dyra til å trå heimover att
05:48:00 Om sopping -
06:07:00 Bror min hadde mykje arbeid med sopping
06:12:00 Eg var onnejente – ikkje rakstedeie – fyrste gong då eg var 12 år
07:04:00 Far kommanderte meg aldri ut – det var tungt arbeid
Bakketurk – ikkje hesjing
08:20:00 Bror min var og med. Han sjefa over meg
08:50:00 På stølen var me alle tre. Sauene gjekk som dei ville
Om søndagane kom dei ofte heim til buene, far kom og dei fekk salt
09:45:00 Bua var gamal med kløyvde stokkar, ikkje rundtømmer. Mykje flis.
10:28:00 godt bilete -
10:28:00 Stokkane var vaska med lutevatn, med vatn som var varma i sola
I mi tid var grønsåpa oppfunnen
11:30:00 Når me skulle luta fisk måtte me laga lut av ospeoska.
12:10:00 Dei sa at dei støypte lut. Ein gong datt eg i gryta
12:40:00 Eg ser enno føre meg gryta som sto ute i gongen -
Eg ville gå troppa utan å halda meg i rekkverket – så datt eg oppi...
13:33 På stølen osta og kinna me
14:10:00 Eg var ikkje med å mjølke om, morgonen. Eg var glad i å sova
Eg hugsar den vesle ringja (bøtta) som mor kjøpte av ein som gjekk rundt
15:15:00 Eg lærte å mjølke på Blidros. Ho var så tåleg men hardmjelkt ku
16:10:00 Kyrne heitte Blidros, Lauvros og Kranselin – men me hadde inga Dagros
16:40:00 Alle var Telemarkskyr. Far sagde av tuppane på horna
17:22:00 Når me buførte så sprang me ungane og henta krøtter som sok ut
18:00:00 Det tok sju åtte timar. Bufeet visste kor me skulle
18:30:00 Frå gamalt skulle kjerringa stasa seg opp på bufardagen. Mor var aldri
18:50:00 Då ho gifte seg i 1929 seg hadde ho med seg 20 stakkar. Mannen skulle ikkje ha utgifter med slikt
19:27:00 Under krigen vart dei sydd om til andre kleder. Bror min gjerkk i brok som var laga tå ei dås
20:10:00 Du måtte klippe sauene, karda, spinna veva – du kasta aldri klede då
20:40:00 Eg har vore med å veva. Men ikkje dåsaklede
21:20:00 Me gjorde ikkje reine sauene før me klipte. Lanolinen gjorde spinninga enklare
22:10:00 Dei vaska fine ting i sauelaug på grunn av lanolinen. Mor meinte det var lortevatn.
23:18:00 Krigen – me svalt ikkje. Me hadde kjøt og mjelk og potet. Med mangla kjøpevarer
24:10:00 Med sakna kvitt mjøl, sukker og kaffi. Dei brende korn og erter
25:03:00 Så var det kledu og sko – skomakarane levda til live att
Eg fekk eit par heimegjorde sko av heilaga lær. Dei kraup
26:08:00 Dei søkte forsyningsnemda om eit par sko til meg.
Det einaste som var å få tak i var eit par beksømsko storleik 41
27:30:00 Me hadde byggåker. Den var veldig stor. Å skjera omhausten... puh.
28:18:00 Det var kvern ved Hallingdalselva. Eg ser føre meg bølu med mjøl
28:50:00 Skula var i botnen av dalen. Todelt. Me gjekk tre dagar i veka.
Småskule mandag, onsdag, fredag og storskule tysdag, torsdag og laurdag. Seks timar kvar dag.
29:40:00 Eg skulle aldri på skule meir. (Så blei eg lærar)
Eg ville ikkje på framhaldskule om hausten. Det var mykje å gjera heime 
31:05:00 Seinare arbeidde eg litt på Bergsjø Hotell om vinteren
31:35:00 Mor vov litt for Husfliden. Elles var det meir enn nok å gjera heime. Alt skulle lagst.
32:20:00 Me hadde aldri potet ferie – me grov eplu dei dagane me ikkje var på skulen.
32:50:00 Hadde sommaren vore god, såg me vetteren godt i møte. Då hadde me for og avdrotten ville bli bra.
33:20:00 Me hadde vaktekyr på stølen. Dei fekk me betaling for. Det var noko pirk
34:40:00 Dei såg nok fram til at eg kunne arbeide for meg. Eg var onnejente i 30 år..
35:20:00 Året etter gjekk eg framhaldskule på Søndre – på hybel ein periode
Etter det på Vestmar Folkehøgskule i Telemark vinteren 1949-50.
37:09:00 Der var teoriline og praktisk line. Far sa eg skulle ta teoretisk. Eg hadde litt heimlengsel
37:50:00 Me hallingane heldt saman. Av og til stunda me heim. Pyttt pytt, sa eg.
38:40:00 Eldstebror min hadde begynt på lærarskula. Men i slåtten var me alle
39:20:00 På langstølen var der ein voll som me slo. Då vart det liv på stølen.
Men kvinnfolka var glade når mannfolka reiste att
40:20:00 Mellom elleve og når kyrne kom heim var det ei lita pause -
Men då sto primkjelen på, eller så var det moltu
41:22:00 B låbær og tyttebær
Brisk (einerbær) - me kokte treakk (sjå Wikipedia eller forklaring her)
(Meir om treak her)
43:05:00 Lite ved i fjellet - mem måtte koke på torv
43:30:00 Det var 17 km frå Skrinbdo til støylen - langt å køyre ved
44:13:00 Eg berre rispla einerbæra tå. Det stakk i starten
44:45:00 Eg har kokt treark på berre tre liter bær - men då bnlir eg gjerrig
45:25:00 Rektro på folkehøgskulen sa at eg måtte på lærarskule. Mange masa
Eg trassa - jobba heime og med søm og anna til eg var 24 år
47:25:00 Men så kom eg på at eg ville på lærarskulen likevel.
Opptaksprøve på Oslo Lærarskule. Eg strauk i song.
48:25:00 På Sagene var ein kveldsklasse for folk "som hadde fått kallet noget forsinket"
49:30:00 Me var 28, me gjekk frå fem til ti fem ettermiddagar i veka i fem år.
Eg hadde huspost for hus og kost på Smestad i to år
51:10:00 Dei neste to åra var eg lærarvikar på Sinsen - ein klasse med tredve gutar
52:11:00 Ein fantastisk overlærar "Ingen er født med erfaring, frøken Skrindal!"
53:09:00 Eg måtte legga om språket. Eg prata tilnærma bymål
"Hvorfor snakker du ikke sånn til oss som du snakker til de voksne?"
54:20:00 Ufaglærte hadde ikkje lov å ha fyrrste klasse eller sjuande klasse
54:50:00 Siste året hadde me praksis tre dagar i veka. Vikarierte dei andre tre.
55:40:00 I husposten modererte eg også målet. Smestad ein periode.
Seinare budde egb på hybel på Carl Berner
56:50:00 Eksamen - eg var oppe i alle fag. Seinare var eg lærar i Oslo i ti år.
57:20:00 Vanskeleg når ein var aleine å få husvære
57:50:00 Eti år på Klemetsrud på Ski, seinare på Røa, Voksen skule
59:00:00 I 1969 reiste eg heimatt for å hjelpa far då mor døydde
eg var lærar på Torpo
55:55:00 Eg gifte meg og budde på Torpo. Han var enkemann.
Ein time Eg vart stemor til to.
01:01:49:00 Eg har interessert meg for dåsaklaudn og bunadsøm
01:02:50:00 Slutta nå. Ser ikkje godt nok -. må tenkja på ettermælet
01:03:50:00 Eg har stakkar etter mor - grønestakk og ein svart
01:04:40:00 Eg fekk trøyemønster frå Valdres og sydde sjølv
01:06:30:00 I dag kjøper folk berre nytt...
01:07:15:00 Mor hadde med seg sølv. Dotter av bror min har arva det.
Eg arva ei tante. Det er enkelt i forhold til det som er i dag.
01:08:40:00 Eg brukte mor sine kyrkjeklede i en konfirmasjon nyleg
01:09:50:00 Du kan ikkje gå til kyrkje i grån stakk.
01:10:59:00 SLUTT 
Comments