Heim

Fyr i eisa - klart for å smi! 

Munnleg historie - eksempel Halllingdal:



Onsdag 27. august 2019 sto leiar av Nes Historielag,  Leif Olav Klype, i smia på Hallingdal Museum og fyrte opp eisa. “Ska du smi, må jarnet bli varmt! Er det ikkje det me skal i ettermiddag og?” Sa han.

Han tenkte på idéstormen om innsamling av munnleg kulturarv i Hallingdal. Det var  slik den offisielle oppstarten av prosjekt "Munnleg historie for alle" gjekk føre seg den same ettermiddagen. Les meir om det i Memoar.blog

Munnleg historie er systematisk innsamling, arkivering og formidling av munnlege kjelder og munnleg kulturarv.  Mange delprosjekt skal startast opp i samarbeid med  musé og historielag i alle delar av landet dei næraste tre åra. Arbeidet med ein prosjektplan for Hallingdal starta på Nesbyen 27/8 - så snart han er stadfesta av parntanare blir han publisert her. 

Hovudansvarleg er Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie. Prosjektpartnarane er Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking – og ei mengd historielag, fortidsminneforeiningar, veneforeiningar og abm-institusjonar over heile 

Dei fyrste forteljarane i Hallingdal.memoar:

  • Ola Isungset Ola V. Isungset vart intervjua av Bjørn Enes  på Ål Bygdearkiv torsdag 11. oktober 2018.  Intervjuet var ein samtale om Odd Isungset sine minne frå eit langt liv: Han kom ...
    Lagt inn 10. aug. 2019, 09:26 av Bjørn Enes
  • Margit Skrindo Margit Skrindo kjem frå Skrindo, ei grend med fem gardar  i Ål i Buskerud. Ho vart fødd i 1931, ei tid då det framleis var naudsynt å laga så å ...
    Lagt inn 10. aug. 2019, 09:21 av Bjørn Enes
  • Nye innlegg Tekstfelt for presentasjonstekst / tekstsamandrag av intervju, innebygd video og informasjon om korleis ein kan linka til konkrete tidskodar: Videovindauge Stikkord om  innhaldet i intervjuet:(Tala til venstre er tidskodar - timar ...
    Lagt inn 30. jul. 2019, 06:13 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 3 av 3. Vis mer »

landet.

Offisiell prosjektstart i Nesbyen 27. august

Vi valde å legga den offisielle opningsmarkeringa av heile prosjekt "Munnleg historie for alle" til Nesbyen 27. august 2019, , på Høvahuset på  Halingdal Museum. Invitasjonen såg slik ut:

Markeringa får ikkje form av hornmusikk og fyrverkeri - i staden vil me invitera til ei utveksling av erfaringar og idéar om immateriell kulturarv og munnleg historie i Hallingdal. Kva er det? Kva bør dokumenterast og bevarast? Korleis kan  det gjerast?

Alle frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar er velkomne til å ta del.  Me har invitert særskilt historielaga og eit panel av enkeltpersonar, mellom andre leiarane av Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking og Memoar samt prosjektleiaren for «Munnleg historie for alle». I tillegg håpar me at denne informasjonen når fram til mange frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar - og at dei vil kunne ta seg tid til eit par timars høgttenking  saman med oss.

Møtet skal gå føre seg i Høvahuset på Hallingdal museum i Nesbyen. Det vil vera ope for presse og publikum. Me ynskjer også sjølve å gjera opptak til ein reportasje om samtalen, for me trur han vil bli interessant for alle  rundt i landet som skal starta lokale minneinnsamlingar dei komande åra. Det er både rike tradisjonar og verdfulle erfaringar med bevaring og formidling av munnleg historie i Hallingdal!

Paneldeltakarar - så langt er desse klare:

  •  Anne Marie Kollhus, Nes Historielag og Memoar
  • Marit Holme Mehlum, Hallingdal Museum,
  • Torill Thømt, Kunstlandskap Nesbyen,
  • Ola Terje Oleivsgard, Ål Bygdearkiv,
  • Eva Cecilie Skaarberg, Hol Historielag
  • Line Esborg, Norsk Folkeminnesamling,
  •  Audun Kjus, Norsk etnologisk gransking,
  • Line Grønstad, Memoar (prosjektleiar MHA),
  • Bjørn Enes, Memoar, 



Nokre aktuelle tema for samtalen:

  • Kva kjenneteiknar Nes og Hallingdal sin munnlege kultur i dag? 
  • Har me døme på pågåande prosessar som det er viktig å dokumentera (f.eks «Kjerringtorget»)? 
  • Kva slag immaterielle spor sette den kunstnariske blomstringa under nasjonalromantikken? 
  • Finst det framleis minne frå «førindustrielle liv» i dalen (Seterdrift)? 
  • Historielaget og andre har alt gjort eit stort innsamlingsarbeid - korleis kan det sikrast for all framtid?
  • Er det mogleg å engasjera ungdomslag og skular i innsamling, dokumentasjon og/eller formidling av Hallingdals munnlege historie?




Idestormen er open for presse og alle interesserte. Arrangementet blir filma og seinare publisert på prosjektnettsida Hallingdal.memoar.no

Det er ein ambisjon å setja ned ei prosjektgruppe i siste del av møtet, på tre til fem personar som vil arbeida vidare for å utvikla eit felles munnleg historieprosjekt i Hallingdal.

Arrangementet varet til kl 15:30. Påmelding er ikkje naudsynt, men ta gjerne kontakt med Anne Marie Kollhus – huldra@outlook.com eller Bjørn Enes – bjorn@memoar.no.

Comments